Byar    -    Fjord og fjell    -   Innsjøar    -    Tunnellar    -    Nasjonalparkar



Vegar    -    Bruer    -    Elvar    -    Fossefall    -    Turistatraksjonar

Her er sida der eg berører diverse emner innan norsk geografi. Det er greitt å ha kontrollen over vårt vidstrakte land: Kvar ligg Mysen? Er Jotunheimen vår største nasjonalpark? Er Snøhetta ein av Noregs ti høgste fjelltoppar? Er Skudeneshavn ein ferjekai eller ein by, eller kanskje begge deler? Kor lang er Frudalstunnellen? og går Rv 13 over Vikafjellet?......Dette er spørsmål eg prøver å gi svar på på desse sidene.

Talet på byar har eksplodert dei sise åra. Etter mange år med forhaldsvis få tilkomster, har no stader som Måløy, Jørpeland, Mysen og Brevik fått plass blandt dei 71 plassane som har bystatus.
Tunnellane blir også lenger og lenger. Verdas lengste vil opne til hausten; Lærdalstunnellen. Med sine 24,5 km blir den dobbel så lang som Gudvangatunnellen som i dag er Noregs lengste. Den nye tunnellen vil gjere aust-vest sambandet ferjefritt og omrokkere på heile vegnettet i indre sogn. Det som er synd er at dei flotte fjordarmane våre blir ferjelause og deler av sogn blir ståande utan eit tilfredstillande kollektivt rutetilbod; det meste skal no følgje hovudtraseen. Det er ihvertfall bra dei opprettheld sommarrutene på Fjærlandsfjorden og Nerøyfjorden, det er jo dette folk vil sjå! (meir om dette på sida Fjord og fjell).

Når det gjeld lengda på fjordar, høgde på fjell og storleik og djupn på innsjøar er det greiare å henge med. Sjølv om ein kan diskutere måleeinheiter og indeksar, er det liten sjanse for at nye får plass på listene.
 
 

Noreg inndelt etter fylke, 19 i talet.