30. oktober 2000 - den største
dagen i SIL-historia! Sjå siste del av sida.
Mitt forhold til laget og mine opplevelsar med klubben fram til 30/10.2000:
Sidan midt på 80-talet har eg fulgt med klubben i motgang og medgang. Dei aller fleste heimekampane har eg fått med meg, og i tillegg har det vorte 25 - 30 bortekampar rundt om i Sør-Noreg. Frå dei meir "seige" turane som t.d. 2-5 tapet i 1997 mot Lyn, til suksessvisittar som 1-0 seieren mot Odd på Falkum i kvallikkampen i 1996. Sogndal har aldri klart å etablera seg i toppdivisjonen, dette har medført at det kvar einaste haust er dramatikk på Fosshaugane; me kjempar om å unngå nedrykk eller om å klare opprykk, fasinerande spør du meg.
Store hendingar og mykje
glede har det gitt, men sjølvsagt også mykje frustrasjon og
hoveristing. Heldigvis er det det første som ein hugsar best, som
då Sogndal slo FK Haugesund i siste serierunde i 1995. Stillinga
var 1-1, åtte minutt igjen, Kjell Ertesvåg blir spela gjennom
åleine mot Haftorsen, heile Fosshaugane reiser seg, kaldt og roleg
set han ballen ned i hjørna, alle i ekstase og Sogndal får
kvallikkplass. Seieren over Brann i 1988 med tilskodarrekord på gamle
Kvåle sit også klistra; Knut Christiansen skrur corneren i
mål, Sogndal vinn 2-0 og oppnår sin beste plassering nokon
gong. 6. plass i den øverste divisjonen står det respekt av.
Sigerane mot Rosenborg i 1991 og 1998 er også noko ein hugsar; det
å slå Noregs beste lag er STORT!
Fosshaugane stadion
Av andre ting vil eg nemna tidenes debutar på Fosshaugane; delt mellom Chima Okorie og Alexander Ødegaard, begge scorar 2 mål i debuten sin og dominerer stort.
Jostein Flo er ein annan personlegheit som må nemnast. Ein stor spelar etter mi meining, Noregs mest betydningsfulle spelar på klubb- og landslagsnivå på 90-talet! Blei henta frå Sogndal og hadde stor suksess på landslaget, er framleis aktuell faktisk. Han berga Sogndal mang ein gong og laga 55 mål på 77 kampar!! Er i dag kongen i Drammen.
Lasse Opseth og Svein Bakke
hugsar eg godt frå 80-talet, gode spelarar som var sentrale i laget.
Må nemne Tore Andre Flo sine flotte år i SIL-trøya.
Toppscorar i 1. divisjon i 1993; det var i Sogndal karriera sette fart.
Kanskje størst av alle var Eirik Bakke; i ein klasse for seg sjølv
før han blei Leeds spelar. Meget sentral i laget, kanskje for sentral
i slutten. Eirik måtte vekk frå Sogndal for å få
utfordringar og bli betre, eit godt val av ein spelar med unike kvalitetar.
Av dagens Sogndalspelarar vil eg trekkje fram tre namn; Tommy Øren,
Rune Bolseth og Terje Skjeldestad. Desse tre karane er gode! Og bak desse
kjem det unggutar Sogndal vil få mykje glede av i åra som kjem.
30. oktober 2000 - EI STOR OPPLEVING!
Onsdag 25. oktober spela Sogndal første
kvalikkampen om opprykk til Tippeligaen heime på Fosshaugane mot
Våleranga. Over 4000 tilskodarar såg ein kamp der Sogndal dominerte
i store deler, men klarte "berre" 1-1 etter ei glimrande scoring av Kurt
Mørkøre. Mange trudde slaget var tapt, og meinte at 1-1 som
utgangspunkt til bortekampen i Oslo ikkje var godt nok. Også Vålerenga-spelarane
med Rekdal i spissen hadde tru på at dei skulle behalde plassen i
den øverste divisjonen. Men er du supportar har du ALLTID tru på
laget ditt, så mandag kl 12.00 køyrde 2 fulle bussar med supporterar
austover for å støtte laget vaort mot opprykk til Eliteserien.
Ikkje ein av dei som sat 12 timar i buss tur-retur Sogndal-Oslo
denne dagen, angrar sitt val. Eg får seie som Arne Scheie sa etter
Liverpool-Leeds 13.04.1991: "Har dere ikke hatt det morro nå, så
får dere det aldri når det gjelder fotball".
På heimesida
til Sogndal kan ein følgje med på det som skjer rundt
laget.
SIL 98